Vi er allereie ved slutten av januar, og det nye tiåret er godt i gong. Dei aller fleste er tilbake til kvardagen, og alt det den inneber. Nokon meir ambisiøse enn andre, slik det ofte er ved eit årsskifte.

Kvar fjerde nordmann har eitt eller fleire nyttårsforsett, og desse forsetta handlar ofte i stor grad om ei ynskja endring. Ein vil ete sunt, trene meir, og gå ned i vekt. Heile sju av ti nordmenn ynskjer å endre seg sjølv og sine vanar, og dette handlar hos mange om det fysiske og det estetiske. Nokon er lei av å føle seg ukomfortabel i eigen kropp, og nokon er lei av å ha eit mindre godt sjølvbilete. Ein er lei av å kjenne på at ein ikkje er den beste versjonen av seg sjølv. Nyttårsforsett symboliserer for mange ein ny sjanse til å ta tak i dette; det å arbeidet mot eit tydeleg mål. Ei kjensle av kontroll, sjølvtilfreds og glede.

Du er kanskje ein av dei som tidlegare har satt eit hårete mål? Eit mål som du kanskje ikkje heilt nådde opp til? Dette er du om så ikkje aleine om. Du har gong på gong hatt eit ynskje om å få til ei god og positiv endring, men likevel aldri heilt fått det til. Du har hatt eit ynskje om å gå ned nokre kilo, få ein strammare kropp, finne tilbake til dei «yngre dagar». Du skulle bruke meir tid på å pleie deg sjølv, og du skulle finne fram til den løysinga som fungerte best for deg. Og resultata skulle kome fort.

Det er likevel ikkje alltid slik det fungerer. Etter kring eit halv år er mange nyttårsløfter gløymde. Halvparten av personane som ved nyttår lova seg sjølv store og ambisiøse endringar, har gitt opp før målstreken er nådd. Men, kva med dei som ikkje fell av? Korleis klarer dei det? Dei har ofte to ting til felles; dei er realistiske og dei er audmjuke. Dei forstår at dei ikkje kan klare alt på eiga hand. Dei innser at dei kanskje må spørje om råd, hjelp og assistanse. Dei forstår og innser at ei varig endring ikkje kjem av seg sjølv, men ofte over lengre tid og i samarbeid med andre.

Vi er allereie ved slutten av januar, og det nye tiåret er godt i gong. Dei aller fleste er tilbake til kvardagen, og alt det den inneber. Nokon meir ambisiøse enn andre, slik det ofte er ved eit årsskifte. Nye nyttårsforsett, nye mål og nye ynskjer. Tankar om ei eller fleire endringar. Det er kanskje ikkje slik at dine nyttårsforsett dreiar seg om ei estetisk eller kroppsleg endring, men om dei gjer det og du samtidig føler at du aldri kjem i mål uansett kor mykje du prøver; vi kan vere ein av dei du rådfører deg med og ein av dei du søkjer hjelp og assistanse frå. Vi vil, i samarbeid med deg, at du skal kunne oppnå det du ynskjer og det du forventar.