Før operasjonen var eg ganske nervøs. Eg har aldri operert før, og heile situasjonen med narkose, knivar, sprøyter o.l. har til no vore ukjend for meg. Mine eigne bryst er flate av natur, og grunna dette har eg tenkt på ei brystforstørring over lengre tid.

Eg har alltid vore svært aktiv, og mykje trening i kombinasjon med «dårlege» gener har heller ikkje vore ein fordel for min naturlege bryststorleik, kan ein seie. Etter ein konsultasjon hos Ørner bestemte eg meg fort, og operasjondaten blei satt allereie under denne konsultasjonen. Operasjonsdagen gjekk overraskande bra; plutseleg vakna eg opp med nye (og hovne) puppar. Eg hadde ingen store smerter, men då eg kom heim var eg ganske uroleg i kroppen. Det kjentes ut som om eg hadde trena benkpress 2 dagar i strekk. Likevel, kom dette seg fort. Smertestillande, kvile og litt godteri gjorde tilhelingstida betre.

Det blei mykje sofasliting dei fyrste dagane, men etter kvart kunne eg endeleg gå turar og trene roleg styrke (på underkropp). No, 4 veker etter operasjonen, kjennes alt veldig bra. Eg kan trene kva som helst, og det er kjekt! Eg er utruleg fornøgd med resultatet, brystra mine ser kjempenaturlege ut, og dei passar kroppsfasongen min heilt perfekt. Det er gøy å handle både bikini og kjolar som får fram mine feminine trekk, endeleg.
Tusen takk til Tom Inge Ørner som tok ynskjene mine på alvor og som gjorde sitt beste for at eg skulle bli fornøgd. Den karen veit kva han driv med!