Først av alt; tusen takk til dr. Busch og hans dyktige team, de er fantastiske! Og for eit fantastisk lokale. Stilfult, moderne og reint, ei oppleving av luksus.

Eg bikka 50 før eg tok mot til meg og bestilte konsultasjon for bukplastikk. Ikkje var eg sikker på om eg var ein eigna kandidat for dette. Eg har jo alltid hatt ein litt stor mage, og har lett for å legge på meg rundt midje, rygg og bryst; ein typisk «eplefasong», kan du kalle det.

Første time for konsultasjon var ikkje hos Plastikkirurg1, men på eit anna hospital i byen hjå ein anna kirurg. Møtet der var OK, og eg hadde nok bestemt meg for at eg ynskja gjennomføre ein bukplastikk. Eg Googla litt og kom då over heimesida til Plastikkirurg1; ei tiltalande, informativ og flott heimeside. Eg straks vart nysgjerrig på kva dei kunne tilby! Difor tok eg då kontakt, og etter ein samtale med dr. Busch følte eg meg så godt ivaretatt at det var lett å velge Plastikkirug1. Dr. Busch sa kva dei kunne gjere for meg, og kva han anbefalte om eg gjekk for operasjon. Han poengerte likevel at dette var noko eg sjølv måtte bestemme meg for. Og om eg var usikker på operasjon rådde han meg til å vente og bruke meir tid på å tenke. Eg hadde dog bestemt meg; eg ynskja dette og eg ville ha ein kropp som spelte meir på lag med meg.

Eg bestemte meg i samråd med dr. Busch for stor bukplastikk, sying av magemusklar, fettsuging av flankar, rygg og mage. Dette for å få det resultatet eg ynskja meg. Det er mange tankar som går gjennom hovudet når ein er i slike prosessar, som «korleis vil arret bli?», «kva med navlen? Vil den bli fin eller kjem der eit arr rundt den?». Det er ein sårbar prosess, og ein er sjølvsagt veldig «avkledd» som menneske. Ein vel å gjere eit stort inngrep som ein strengt tatt ikkje MÅ, men ein gjer det for sin eigen del, sin eigen trivsel og si eiga helse. Eg har aldri angra – det einaste eg har tenkt på er at eg skulle gjennomført dette for lenge sidan!

Og, ein annan ting! Dr. Busch lager sinnsjukt fine navler. Eg har aldri hatt ein så fin navle som no, ikkje eingong da eg var liten. Ein kan ikkje sjå spor etter arr. Og dersom du er opptatt av at navle og arr skal bli fine så er dr. Busch førstevalget, heilt klart! Eg hadde jo faktisk lese på førehand at han var ein mester i å lage tynne og fine arr, noko som var viktig for meg.

Klart det er smerter i samband med ein bukplastikk, eller mest smerter ved sying av magemuskler. Men, dette er er fort gløymt. I tida etter operasjonen var dr. Busch i kontakt med meg fleire gonger slik avtalt var; god og svært trygg oppfølging. På ein av etterkontrollane ville han korrigere noko i nedre del av magen. Han ville fettsuge nokre plassar til for å få best resultat, og ein ny time vart sett opp. Dette sjølvsagt utan kostnad. Det at det er kirurgen sjølv som ynskjer å korrigere på det han har gjort – for å få best resultat – seier noko om perfeksjon og stoltheit i yrket. Sidan eg skulle inn på ny nytta eg då høve til å bestille fettsuging av armhule/axille og hake. Eg fekk avtalt ein god pris på dette, og er supernøgd!

Det beste av alt ved Plastikkirurg1 er servicen dei utøver,  kompetansen dei innehar,  måten du vert møtt på, og tryggheita. Og ikkje minst; alle samtalane med kirurg, anestesilege og sjukepleiar, både før og etter operasjonen; desse er gull verdt. Om eg nokon gong skal anbefale ein privatklinikk til nokon så er eg ikkje i tvil! Plastikkirurg1 er klinikken ein bør gå for. Konkurransedyktig på pris, er dei óg!

Eg skulle gjerne sendt ein takk til kvar og ein av dykk på Plastikkirurg1, men ingen nemnt og ingen glemt. Dr.Busch får formidle ein stor takk frå meg. No gler eg meg til å snart kunne gå i sommarkjolar!

Kvinne, 52 år